HELLE – DELE – KOKKEKNIV

Natur. Mat. Opplevelser. Øyeblikk. Minner. Ting som en kan dele. Ting de er glade i hos Helle. Dette hadde Helle i tankene da de lagde sin første kokkekniv på 60 år, og derfor har de gitt den navnet Dele. 

Her er Helles beskrivelse av utviklingen av Dele:
Dele vart utvikla over ein periode på 24 månader, og vi kan no endeleg stolt seie at vi har laga eit verktøy som bygger bru mellom kjøkkenet sine avgrensingar og naturen sine underverk. Kniven er laga for å motstå tøffe påkjenningar ved utandørs matlaging og sjå bra ut medan den gjer det. Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet – saman med dei som er viktige for deg.

Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet – saman med dei som er viktige for deg.

Det høgpolerte knivbladet i 12C27- stål sikrar sylskarp ytelse og enkel oppkutting av all mat du måtte finne på å teste den med. Samstundes har bladet ein tjukk nok rygg til å takle hakking og hardare kutting. Inspirasjon til utforminga av bladet fann vi ved å blande forma til ein tradisjonell europeisk kokkekniv og ein Santoku. Ved å kombinere kvalitetane til desse to kjøkkenknivkulturane, trur vi at vi har funne eit blad med akkurat passe størrelse og form, som gir deg ein god balanse mellom kontroll ved findeling og kraft for større opphakking. Ettersom det er ein kokkekniv, kjem Dele med full flat grind-sliping.

Det ergonomiske skaftet er inspirert av skafta til Helle sine tradisjonelle utandørsknivar, og gir eit komfortabelt og sikkert grep, slik at du kan takle alle kulinariske utfordringar med sjølvtillit. Den flate støtta mellom skaftet og bladet gir eit sikkert frontgrep når du skal hakke lauk eller andre grønsaker. Det fyldige skaftet sikrar samstundes eit komfortabelt grep ved tyngre skjereoppgåver. Skaftet er laga i vårt favorittmateriale – masurbjørk. Bjørkeved har gode antibakterielle eigenskapar, ligg godt i handa – og som ein ekstra bonus har det individuelle mønsteret til masurbjørka den funksjonen at ingen knivar ser like ut.

Standardversjonen av Dele kjem med ein bladbeskyttar i lær som du enkelt kan setje på kniven om du planlegg å transportere den – anten du lar den ligge i skuffa, tar den med deg på kulinariske eventyr eller når du skal ut på tur.

Alle knivene fra Helle er laget for hånd på gamlemåten av entusiaster, med kunnskap nedarvet i generasjoner, på deres lille fabrikk i Holmedal i Sogn og Fjordane. Helle har forsynt Norge, og de senere årene verden, med sportskniver siden 1932.

DETALJER:

Vekt inkl. bladbeskyttar: 205 g
Stål: Alleima 12C27-stål, polert, 59-61 HRC
Bladtjukkelse: 3 mm
Bladlengde: 160 mm
Konstruksjon: fulltang
Skaftmateriale: masurbjørk og vulkanfiber-innlegg
Skaftlengde: 115 mm
Sliremateriale: ekte lær
Design: Helle
Designår: 2023

Gravere navn, dato eller logo på kniven? KlikkHER for å lese om vårt graverings-tilbud.